Eg veit ikkje kva som er verst eg, å sitte nervøs foran ein datasjerm og trykkje deg gjennom forskjellige oppgåver du er så usikker på at du vil grine eller å ta bilete til førarkortet foran heile ventearealet på biltilsynet. I dag har eg nemlig gjort begge dele og eg klarar ikkje å bestemme meg.
Den siste veka har eg tatt så mange testar på nettet at eg er sikker på at ansiktsfargen min er ein smule meir grøn en den var før eg begynte. For nøyaktig ei veke sida tilbydte nemlig pappa B sitt søskenbarn seg å kjøyre meg til nordfjordeid slik at eg kunne bli ferdig med prøva i god tid før alt det der andre. Om det va rein fandenivoldheit eller pur snillheit veit eg ikkje, me eg er i allefall djupt takknemmelig, for eg sto. Eg sto på skikkelig og, om ikkje med kjempegod margin så i allefall med meir enn nok.
Ein ting som pappa B sitt søskenbarn i alle fall gjorde av pur snillheit var å seie i frå om at eg måtte ta bilete når eg fyst var der. Eg tar logisk tenkjing i bruk og mimrar tilbake til den gongen for ca. eit år sedan når eg tok bilete til mitt akk så lekre minibankkort (noke eg i høg grad ikkje visste om at eg skulle) med vaneleg digitalkamera. Eg tenkjer rett og slett at der må jo være ein god del ungdomar i løpet av eit år som skal skaffa seg den lisje plastbrikka dei trur dei kan kjøpe verda meg og at dei i det tilfellet og må ta bilete til plastbrikka i banken. Eg veit ikkje eg, men er det ingen som har informert banken om at det faktisk finst ei maskin som gjer jobben ti gangar enklare OG betre enn eit digitalkamera? For ei slik maskin har dei faktisk hos biltilsynet. Den står der så blank og fin, midt i ventearealet.

(jada, det er ein MINI, størrelsen på innhaldet gjeld og)
“Ta av deg brille, jakke og sjerf før du følgjer instruksjonane på skjermen” Var det siste eg haurde før eg gjekk me senka hovud inn i maskina laga for flauheit og skeive bilete. Forhenget til maskina på biltilsynet har nemmelig krympa, det har krympa so mykje at det berre heng ned til midja på normale personar, eller til halsen på pygmear som meg. Så tenkjer du kanskje at det er jo fjeset du skal ta bilete av, og at det derfor er logisk å sjule nettopp det. Til den tanken har eg to svar: 1. Nokon gongar, sjølv om du veit at det er fjeset det blir tatt bilete av, følgjer kroppen med. En trykkjer knea tettare i hop, setter stompen litt på kanten, fokuserar på at klea ligg fint og gløymer å sjå rett fram. Sikkert derfor alle har så stygge bilete på all legimitasjon. 2. Når en fyrst er så pygmeete som eg er og i tilegg har så dårleg teknisk innsikt at ein ikkje skjønnar korleis man skal skru opp setet, sjølv om maskina sei du skal gjer de, då må man lette stompen opp i frå setet i tilegg.Konklusjonen er altså at frå venterommet har dei sett 3/4 av ein jentekropp i merkelig stilling med ei rompe i sittestilling som ikkje sitte på krakken. Det sprenge i euga bare av tanken.
Men i bunn og grunn er eg i allefall enda ett skritt nærmare bilkjøyring, eller den sikre død som alle andre kallar det. Og om eg skulle være så uheldig å faile på resten så har Leah gjort det heilt klart at vi tross alt kan kjøpe ein sykkel.