Eg saknar sommaren!!
Eg saknar
Varme
Solbrune labbar i flotte sommarsko
grillmat
utepils (til og med sjølv om eg ikkje drikk øl)
Fregner
Sand i mylla tossane
Ferie
bikiniar
pengar
temafestar som vare til langt på natt
andre festar som varar til enda lengre
og alt det andre som bare sommaren kan gjere med hovudet mitt.
Det e så sinnsjukt lenge sida forrige sommar, lengre enn det har våre sida noken sommar noken sinne følst det ut som. Eg kan ikkje huske korsen det føltest en gong, å ha ekte sol på kroppen. Ofte når eg ligg i solarium (ofte er egeintlig eit dårlig valg av ord då eg tar solarium sånn max fem gonga i året, og då gjerne fem gongar rett før eg skal kaste kleda) brukar eg å lengte meg vekk til sydenlanda. Alle dissa landa, der dei har palmar, billig mat og menn med rompetaske. Eg knip euga igjen så hardt eg berre kan og så lengtar eg med ned. Latar som om eg høyrer barna som skrik i det dei hoppar i bassenget, at nasa fangar opp den grusomme lukta av boss som har lågge alt for lenge ute i solsteiken men som luktar litt godt likavel for det luktar syden.

?
I August skal eg ned å sjå menn med sokkar i sandalane.To herlege veker i sus og dus på den vakrasta stranda i heile verda, Alcudiastranda. Et tenkjer på ein måte at det er greit å sjå på menn med sokkar i sandalane då eg ikkje får sjå på andre menn. Kanskje det er greit om eg sentraliserer blikket til beina, for e det noke i heile den vakre store verda som ikkje finst sexy i det heile tatt so er det i allefall store salige mannelabbar.
No skal eg tulle meg inn i pleddet innst i hjørnet på sofaen. Og so skal eg klikke meg gjennom alle bilda fra forrige nedovertur, og misunne mi eiga solsleiking. Så skal eg late att dataen og glede meg så hardt at det gjer vondt.
Q: Kva skal du i sommar ?
Q: Kor hardt savnar du han, sommaren altså ?