Endelig skal eg prøve å komme tilbake til normalen. Eg skal blogge, studere, være mamma og ha ei flott og ryddig leiligheit igjen. Eg tok lappen i går!! Noke så sinnsjukt herlig. Og enda herligare va det å komme heim til middag i godt selskap. Søtaste Iris hadde kjøpt “Gratuleremedlappengåve” til meg! Ei heidundrande flotte rose, eit bilar kort og bilsjokoladar! Aiaiaiai, eg e vekksjemde! Søtaste jenta.
?Eigentlig er den følelsen du får når du får beskjed om bestått oppkjøyring ei kort seanse, for plutselig kjem ein jo på at ein må kjøyre aleine. Eg trur eg grua meg meir på å kjøyre aleine enn eg grua meg på å kjøyre opp. Plutselig var eg heilt aleine, ingen som sa i frå når eg låg litt långt ute eller forklara meg framgongen når eg skal svinge og slikt. Selvfølgelig kan eg alt det her sjøl. Eg har jo tross alt bestått oppkjøyringa, men det er berre så rart at der ikkje sit noken ved sida av meg. Eg må berre ta meg sjøl i nakken, eg kan jo ikkje kjøyre med noken på for alltid!
Eg kom bort i ein knapp, derfor er skrifta over enorm! Øhm…
I det siste har vi eigentlig gjort fint lite. Vi har feira 17. Mai, våre i konfirmasjon og grua oss til oppkjøyring ( Eg i alle fall) Snuppeliten er blitt ein liten trassklomp med godt humør og alt for sterke meiningar. Eg ler meg skakk av alle dei rare orda og setningane ho knekker ut av seg.

Snuppeliten og “Eglærarbarnebarnetmittiphone4spelslikategsleppåbyggelego-morfar” på 17. mai. Finingar!

?Snuppeliten i bunaden i konfirmasjon til Oscar som vart rik og ikkje ville dele.

?Tøff, tøffare, tøffast. Anar ikkje ken ho har det der i fra!
Ha ein fiiiiiiiin Onsdag!