Snuppeliten er no tre og eit halvt år, det vil altså sei at det er omkring tre år sidan folk begynte spørre kortid eg skulle ha ein liten en til (eller vi blir vel meir rett). Tidligare har eg funne det heile ein liten smule plagsomt, då snuppeliten har våre så lita. I tilegg var eg berre 18 år når ho kom til verda og eg har følt at det har våre alt for tideleg å i det heile tatt tenke på ein liten en til.
No i det siste har eg derimot begynt å forstå kvifor folk spør. Mange meiner at det er kjekt for søsken at alderforskjellen ikkje er så alt for stor. I grunnen meina eg jo det eg og, men det er ikkje alltid det passar så fint å få fleire born.
Eg skal innrømme at både eggstokkar og hjertet hoppar og dansar om kverandre når eg ser små nurk. Eg blir ein smule misunneleg når eg ser ultralydbileter og struttande magar, men en baby er ikkje noke ein berre kan få. Sjølv om eg har gått mykje skule er eg ikkje utdanna som noko som helst.Og utdanning står vel høgst på plakaten akkurat no.
Eg vil gjerne ha fleire born, berre ikkje akkurat no. Eg vil så gjerne få baby på “Skikkelig” neste gong. Ha økonomi til å gjere alt sjølv, glede meg over det heile i staden for å bekymre meg. Eg skal nyte det! Så til alle som lurar på når neste kjem, det blir ikkje i mårra, kanskje heller ikkje neste år men når vi er klar og har ein plan rundt det heile. Og då skal alle få vete om det og glede seg saman med oss! Og det skal bli awesome!!

Så rart å tenke på at Leah har vert inni der!
Ha ei fin helg allihop!
S: Kor mange år syns du e passe mellom søsken?