Eg har lenge hatt lyst på eit nytt design på bloggen, sida eg ikkje er så god på sånt fant eg meg eit gratisdesign som ikkje var så verst. Faktisk langt i frå, eg syns eigentlig at det vart fryktelig fint. No manglar eg berre ein ny header og wollah så er bloggen så god som ny.
Eg er ein pastaelsker, og enda meir enn eg elsker pasta elsker eg appleprodukt og ikkje minst min kjære iphone. I går fant eg ein herlig app som inneheld oppskrifter på heidundrade mange pastaretter. Appen er laga av pastamerket Barilla. Eg brukar eigentlig aldri å kjøpe Barilla sine produkt, men sida eg brukte oppskrifta deira hadde eg ikkje samvittigheit til å bruke noko anna. Eg valde ut ei oppskrift som eg og trudde at Leah kom til å like, og det vart faktisk kjempegodt. So here it goes:
5 revne gulerøter
2 løk
2 boksar hermetiske tomatar
2 fedd kvitlauk
1 terning grønnsaksbuljong
400 gram kjøttdeig
2,5 dl creme fraich
spaghetti
salt
pepar
ost

Steik kjøttdeiga og fres den saman med kvitløk og løk i litt olje i ei steikepanne. ( Eg hadde litt purre igjen i kjøleskapet, så eg heiv oppi den og)

Tilsett dei hermetiske tomatane, revne gulerøter og terningen med buljong. Om det blir i tjukkaste laget kan ein spe med litt mjelk. Kok opp og tilsett creme fraich. Krydre med salt og pepar og la det heile småkoke i 10 min.
Server med spahetti og litt reven ost.
Enkel, nesten heimelaga og supergod middag!
Husk at du i tilegg kan laste ned appen om du har ein iphone, veit ikkje heilt korleis det er med android, men du finn den sikkert der og.

Heilt til sisten, eit lite bilde av snuppeliten og dokka som begge har fått herlige strikkegensera fra mormor.